Mentalt velvære og livskvalitet i fokus

Hos psykolog Herdis Bergset får du eit behandlingstilbod basert på grunnleggande psykologisk kunnskap og brei erfaring frå behandlingsarbeid innanfor psykisk helsevern, kommunalt psykisk helsearbeid og studenthelseteneste. Har du opplevd å ikkje få hjelp i det offentlege systemet? Er du usikker på om det du strever med er alvorleg nok? Føler du deg utilstrekkeleg og lite verd? Du er velkommen hit. Ta kontakt på www.ledigpsykolog.no for å bestille time direkte i mi avtalebok. 

Enkel tilgang til psykologhjelp på Nordfjordeid. Du treng ikkje tilvising. 

Hos meg får du individuelt tilpassa samtaleterapi der eg tilbyr hjelp med mange ulike vanskar. Det kan være psykiske symptom av ulike slag, krevjande relasjonar, utfordringar på jobb eller andre ting som påverkar deg negativt. Relevante behandlingsformer er kognitive teknikkar, emosjonsfokusert behandling eller støttesamtaler. Fundamentet i terapien er uansett ei psykodynamisk forståing som tek omsyn til heile mennesket, og der personlegdom og livssituasjon alltid er ein del av tilnærminga. Eg legg vekt på at vi skal bli godt kjent med kvarandre, og at behandlinga skjer innanfor rammene av ein god relasjon. Betra livskvalitet, opplevinga av større fridom, fleire valgmuligheter og personleg vekst er måla for behandlinga. 

  • Individualterapi
  • Parsamtaler 

Kontaktinformasjon

Velkommen til heimesida til psykolog Herdis Bergset. Eg har ein privatpraksis på Nordfjordeid der eg hovudsakleg jobbar med pasientar over 18 år som treng samtaler med ein kvalifisert psykolog. Målet mitt er å tilby ein trygg stad der du kan være deg sjølv, og føle deg respektert og forstått.

Psykolog Herdis Bergset

Lotevegen 23, Nordfjordeid

+47 91556220

herdis.bergset@hotmail.com